Reven

Reven

Ein smell.
Og reven satt fast i glefsa.

Eit dyr i naud bed ikkje til Gud?
Ikkje til Gud, nei.
Men den ytste samling
av gløggskap og vilje
og nervar og musklar
er ei bøn.

Fyrst pintest han
lenge.
SÃ¥ slo han ein eldring
om resten av livet sitt,
læste tennene,
beit av seg foten.

Sidan var han
meir konsentrert rev
enn andre revar.
Vilt og vondt var hans liv i eldringen,
ring hans jakt,
stutt hans nye veidardag.

Men ut av hans inste revehått
voks det ein tenkt labb,
og måten han tok seg fram på
til han endeleg kraup inn i urda for godt
var hans og ingen annans.

~ Ragnvald Skrede, 1952

Legg igjen et svar

Du kan bruke disse XHTML-elementene (eller la være):
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>